Vestnes helsestasjon inviterer til foreldrekurs - 2026Helsestasjonen tilbyr foreldrekurs til foreldre med barn frå 6 måneder og opp til 12 år. Frist for påmelding er 04.01.2026.Kurset har som mål å gi foreldre eit verktøy for betre å forstå barnet sitt behov, kva signal barnet gir og korleis foreldre kan støtte barnet best mogleg. Kurset er basert på modellen Trygghetssirkelen (Circle of Security). Les meir ved å klikke her (ekstern lenkje til Circle of Security International).Foreldrekurset bygg på dei prinsippa og temaet som er viktige for ei trygg tilknyting. Kurset har eit førebyggande perspektiv og passar for alle foreldre med barn frå 6 mnd.—12 år som bur i kommunen. Kurset er gratis. Det er ønskeleg at begge foreldra deltek der det er mogleg.Når og kor går kursetForeldrekurset består av seks samlingar, alle frå kl. 13.30–15.30 på aktivitetssenteret/Eining familie og helse (2. etg).Datoar for kurset:Tysdag - 27. januarTysdag - 3. februar Tysdag - 10. februarTysdag - 24. februarTysdag - 3. mars Tysdag - 10.mars Påmelding Påmelding er bindande. Frist for påmelding er 04.01.2026. Sist endra 18.11.2025 11.35