Vestnes blir demensvennleg samfunn!Under kommunestyremøtet 23. oktober 2025 tok Vestnes kommune eit viktig steg for å bli eit meir inkluderande og trygt samfunn for personar med demens. Vestnes kommune har no signert avtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli med i satsinga om demensvennleg samfunn. Ved å inngå avtalen uttrykkjer kommunen eit ønske om å leggje til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering. Gjennom avtalen forpliktar kommunen seg til å auke kunnskapen om demens i lokalsamfunnet, og bidra til at fleire tenester og møteplassar blir betre rusta til å møte personar med demens på ein trygg og god måte. Avtalen blei signert av ordførar Randi Bergundhaugen, på vegner av kommunen. Tone Tallaksen, dagleg leiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal, signerte på vegner av Nasjonalforeningen for folkehelsen.Initiativet om å bli eit demensvennleg samfunn fekk brei politisk støtte, og det vart einstemmig vedteke i kommunestyret i september. Sist endra 24.10.2025 16.24