Verdsdagen for psykisk helse vert markert årleg den 10. oktober, og er ein FN-dag med kampanjeperiode frå veke 39 til 42. Det er Noregs største opplysningskampanje for psykisk helse. Målet er å auke kunnskap og openheit om psykisk helse, og gjere det like naturleg å snakke om den psykiske helsa som den fysiske.
Årets tema: Psykisk beredskap
Årets tema omhandlar vår psykiske beredskap, og inviterer til ein felles innsats for å styrke vår psykiske motstandskraft i møte med ein uforutsigbar morgondag. Kampanjen skal gå over tre år og bidra til auka kunnskap og handling.
Korleis vi kan førebu oss mentalt på endringar? Kva gjer vi når livet brått endrar seg? Korleis ruster vi oss når usikkerheit veks kring oss? Psykisk beredskap er evna til å møte det uventa, og til å stå i det som er krevjande.
Psykisk beredskap handlar om korleis vi handterer kriser, endringar og langvarige belastningar, både som enkeltmenneske og samfunn. Målet er å rette fokus mot kva som gjer oss meir robuste, og inspirere til konkrete tiltak i arbeidslivet, skulen, nærmiljøet og kvardagen.
Arbeidsplassar, skuler, nærmiljø og organisasjonar kan gjere mykje for å styrke den psykiske motstandskrafta i samfunnet. Det finst gode verktøy og sjekklister på verdensdagen.no som er tilpassa til ulike situasjonar. Under finn du ein med konkrete råd som er basert på i forskning og har dokumentert effekt.
Sjekkliste for psykisk beredskap
I samband med årets markering av verdsdagen for psykisk helse er det også lagd ein kampanjefilm som du kan finne ved å klikke her: Til kampanjefilm
Kva gjer Vestnes kommune?
I Vestnes vil psykisk helse og årets tematikk inngå i eit samarbeidsprosjekt med fleire aktørar i kommuna. Prosjektet Snakkbart vil i ein periode på 18 månader ta for seg ulike tema for å styrke den psykiske beredskapen. Det skal arrangerast foredrag, kurs og møteplassar som inviterer til større openheit og gode samtaler.
La oss alle ta eit tak for eit varmare, rausare og meir inkluderande samfunn!