Velkommen til SMUD 2.0

Vestnes kommune sin ungdomsklubb SMUD har fått seg ei real oppgradering. 

I veke 34 arrangerte Ungdomsrådet ei spanande interiørworkshop på SMUD, i samarbeid med designar Tina Danielsen Hammerø.  22 engasjerte ungdommar, saman med frivillige vaksne, fekk vere med på å pussa opp lokalet. Dei har måla, dekorert og ommøblert – og resultatet har blitt eit friskare og meir levande ungdomsrom.

No ønsker vi å invitere alle ungdommar frå 8. klasse og til og med 18 år til SMUD 2.0! Her kan du møta vener, bli kjend med nye folk, henge i trygge omgjevnader – og sjølvsagt vere med på aktivitetar og arrangement utover hausten.

Opningstider:

  • Opa dør tysdagar: 14.30–16.30
  • Opa dør onsdagar: 14.30–16.30
  • Klubbkveld torsdagar: 18.00–21.00

Vi gler oss til å sjå deg på SMUD!