Dette blir ein feiring av både kystkultur, historie og lokalt engasjement. Allereie frå torsdag 16. april blir det aktivitetar og arrangement som byggjer opp mot den store sjøsettingsdagen 18. april.
Bli med og hylle båtbyggarhistoria i Vestnes og det einaste attlevande skipet etter Lars Jensen Hammeraas.
Program:
Torsdag 16. april
- 17.30: Søblomsten førfest for barn på Vestnes bibliotek
- Foodtruck pop-up frå torsdag til søndag
Fredag 17. april
- 17.00-20.00: Open restaurant med Søblomsten-meny på Vestnes Fjordhotell
- 20.00-00.00: Søblomsten quiz med Skippertak Quizforening på Vestnes Fjordhotell
Laurdag 18. april
- 12.00: SJØSETTING av Søblomsten med kulturprogram
- Vestnes Teaterlag med innslag frå «Ringar i Vatnet»
- Musikk og dans frå elevar i Vestnes kulturskule
- Statsforvaltar Else May Botten
- Felleskorps m/ Stephanie Lippert & Hallvar Djupvik
- Shantykoret med solistar
- Vestnes Linedanceklubb
- Talar og helsingar
- 11.00-15.00: Aktivitetar for barn på ALTI
- 15.00-20.00: Open restaurant med Søblomsten-meny på Vestnes Fjordhotell
- 20.00-00.00: Korpub på Vestnes Fjordhotell
Kvar kan eg parkere?
Det vil vere avgrensa parkeringsmoglegheiter i sentrum under sjøsettinga. Deler av sentrum blir også stengde for køyrande trafikk, og det vil vere mange menneske som oppheld seg i området. Vi oppmodar derfor publikum til å samkøyre, ta buss eller setje frå seg bilen dersom ein har andre moglegheiter for å komme seg fram.
På kartet under viser vi område der vi særleg oppmodar til parkering. Det finst også andre stader det er mogleg å parkere, men vi ber om at dei tilrådde plassane blir nytta så langt det let seg gjere.
Kart over sentrum. Raude område viser tilrådde parkeringsareal under sjøsettinga.Ei lang rekke gode krefter
I arbeidet fram mot sjøsettinga av Søblomsten har ei lang rekke gode krefter stått saman for å gjere det heile mogleg.
Sjølve restaureringa har vore leia av Båtbyggarmuseet i Vestnes, med ein stor og uunnverleg flokk frivillige som gjennom fleire år har lagt ned hundrevis av timar med dedikert innsats og solid handverk. Allereie før båten kom tilbake til Vestnes i 2019, var det lagt ned eit omfattande arbeid i Rørvik av ulike aktørar.
Både lokale, regionale og nasjonale aktørar har bidrege til prosjektet på ulike måtar, enten det har vore midlar, kompetanse, arbeidskraft eller anna frivillig innsats. Historia om Søblomsten som vender heim igjen har engasjert mange, og alle som har bidrege med smått eller stort, har gjort det heile mogleg å realisere.
Utover sjølve restaureringa har også folkefesten vore prega av eit breitt og raust lokalt samarbeid. Båtbyggarmuseet, Vestnes Næringsforum og Sentrumsforeininga har stått på over tid for å få til eit kjekt arrangement for heile lokalsamfunnet. Rammene for arrangementet har blitt sette i samarbeid med Vestnes kommune, særleg heile kultureininga, som på ulikt vis bidreg inn i arrangement.
Når Søblomsten no blir sjøsett, står Romsdalsmuseet klare til å ta imot eit skip dei omtalar som ei av sine viktigaste tilvekstar nokon gong, og som i framtida skal segle vidare som eit levande kulturminne i heimehamna si. Alt takka vere dei mange frivillige og lokale kreftene.