Velkommen til innbyggardialog 11. juni Torsdag 11. juni kl. 17:00–19:00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotekDenne gongen gjer vi noko litt annleis. Vi set fokus på det vi får til i Vestnes, og ønskjer å løfte fram moglegheiter, engasjement og framtidstru.Du vil møte fleire foredragshaldarar enn vanleg, med bidrag frå næringsliv, frivilligheita og andre gode krefter. Målet er å synleggjere breidda av det som skjer i Vestnes og inspirere til vidare utvikling.Det overordna temaet denne gongen er «Sjå til Vestnes». Temaet handlar om kvifor ein bør rette blikket mot Vestnes: kva vi får til, kva moglegheiter som finst her, og korleis vi kan utvikle lokalsamfunnet vidare saman.Innbyggardialogen er open for alle, og vi håpar både innbyggarar, næringsliv og frivillige vil delta.Vi oppdaterer saka fortløpande med informasjon om kven som deltek. Som vanleg blir det mogleg å gi innspel til kommunen gjennom gruppearbeid. Resultata blir publiserte på nettsida vår, saman med kva vi gjer med innspela. Du kan lese om tidlegare innbyggardialogar her.Tid og stadTorsdag 11. JuniKl. 17:00–19:00Vestnes bibliotekPlakat i samband med innbyggardialogen Sist endra 01.06.2026 15.35