Velkommen til innbyggardialog 11. juniTorsdag 11. juni kl. 17:00–19:00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotekDenne gongen gjer vi noko litt annleis. Vi set fokus på det vi får til i Vestnes, og ønskjer å løfte fram moglegheiter, engasjement og framtidstru.Du vil møte fleire foredragshaldarar enn vanleg, med bidrag frå næringsliv, frivilligheita og andre gode krefter. Målet er å synleggjere breidda av det som skjer i Vestnes og inspirere til vidare utvikling.Det overordna temaet denne gongen er «Sjå til Vestnes». Temaet handlar om kvifor ein bør rette blikket mot Vestnes: kva vi får til, kva moglegheiter som finst her, og korleis vi kan utvikle lokalsamfunnet vidare saman.Kven møter du?Vestnes kommuneBauta GroupVestnes FjordhotellTresfjord og Vestnes Røde KorsProsjektgruppa «Ringar i vatnet», Vestnes teaterlagTid og stadTorsdag 11. JuniKl. 17:00–19:00Vestnes bibliotekInnbyggardialogen er open for alle, og vi håpar både innbyggarar, næringsliv og frivillige vil delta. Som vanleg blir det mogleg å gi innspel til kommunen gjennom gruppearbeid. Resultata blir publiserte på nettsida vår, saman med kva vi gjer med innspela. Du kan lese om tidlegare innbyggardialogar her.Plakat i samband med innbyggardialogen Sist endra 11.06.2026 09.39