Vassverket slit med å løyse problema - du får tilgang til å hente vatn og tilgang til toalett

Med bakgrunn i at det tek tid å få tilbake vatnet i delar av kommunen vil Vestnes kommune også i dag legge tilrette for at det kan hentast vatn ved brannstasjonen på Helland i kveld frå kl 20:30 - 22:00.

Du må sjølv ta med noko å frakte vatnet i.

Ein kan nytte toaletta ved Stella Maris i dag fram til kl 22:00. 

Vatnet bør framleis kokast.

Vestnes vassverk oppfordrar abonnentane til å vere forsiktig med vassforbruket.

Råd frå Helseinstituttet om kva du bør gjere når du får kokoevarsel frå vassverket