Varsel om oppstart av reguleringsarbeid på KjersemfjelletI samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av arbeidet med privat forslag for endring av gjeldande reguleringsplan 0137 Kjersemfjellet. Forslagsstillar er Paul Morten Medhus på vegne av Kjersem grunneigarlag.Målsettinga med reguleringsarbeidet er å endre reguleringsføresegnene slik at det kan byggast hytter meir i samsvar med dagens krav til storleik og standard. Storleiken på hyttene vil bli sett til BYA = 120 m2 , inkl. eventuell utvendig terrasse på inn til 45 m2 . Hyttene kan byggast i ein etasje og evt. kjellar. Anneks/uthus kan i tillegg byggast med BYA = 20 m2 . Det kan leggast inn straum og vatn i hyttene. Avløp skal gå til godkjent minireinseanlegg, enten enkeltvis eller fleire i lag. Det kan opparbeidast ein smal køyrbar veg fram til den enkelte hytte. Det skal ikkje vere parkering på eller langs kommunevegen. Talet på hyttepunkt blir uendra. Målsettinga er at eksisterande hytter skal falle innanfor godkjent reguleringsplan.Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor, og er samanfallande med avgrensinga av eksisterande reguleringsplan.Dokument i sakaVarslingsbrev (PDF, 159 kB)Referat oppstartsmøte (PDF, 644 kB)Planinitiativ (PDF, 4 MB)InnspelInnspel til oppstart av planarbeidet skal sendast til JOBing, Kråkvika 33, 6390 Vestnes, eller til e-postadresse job@jobing.no, innan 10.02.2026.Du kan følgje saka i kommunens planarkiv under fanen “Saksdokumenter” og “Planbehandlinger”Arealplaner.no Sist endra 13.01.2026 00.55