Varsel om oppstart av planarbeid

Statens vegvesen skal i samarbeid med Vestnes kommune utarbeide reguleringsplan for E39 Vestnes ferjekai og landområde.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Vestnes kommune utarbeide reguleringsplan for E39 Vestnes ferjekai og landområde. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Detaljreguleringa omfattar tilrettelegging for etablering av ferjekaibås nummer to på Vestnes ferjekai, som tiltak for å auke beredskapen og sikre kontinuitet på ferjesambandet E39 Vestnes-Molde ved ein eventuell driftsstans. Landområdet skal oppgraderast tilpassa nye løysingar og funksjonar, og tilbodet for mjuke trafikantar skal gjerast meir trafikksikkert, m.a. med etablering av gang- og sykkelveg og ein undergang som skal knytast mot den kommunale vegen Buktavegen.

Planavgrensing for detaljregulering E39 Vestnes ferjekai og landområde. - Klikk for stort biletePlanavgrensing for detaljregulering E39 Vestnes ferjekai og landområde.

Innspel og spørsmål

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 03.01.2024. Send det skriftleg til firmapost@vegvesen.no eller Statens vegvesen, pb. 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer. Merk innspela med 23/19719.

Har du spørsmål, kontakt Statens vegvesen ved planleggingsleiar Astrid Karoline Eide, telefon sentralbord 22 07 30 00 eller e-post astrid.karoline.eide@vegvesen.no.

Berørte partar og offentlege faginstansar vert direkte tilskrivne.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.

Sjå eiga prosjektside for arbeidet med detaljreguleringsplan E39 Vestnes ferjekai og landområde.