Val av nytt ungdomsråd i Vestnes kommune

Det skal veljast nytt ungdomsråd i Vestnes kommune for perioden 2025 – 2027.  Ungdom som er interessert i å vere med å påverke det som skjer i lokalsamfunnet sitt, er velkomne til å melde seg som kandidatar til det nye ungdomsrådet.

Ungdomsrådsmedlemmane er folkevalde, det vil seie at dei er valde for å representere ungdom i sin kommune eller fylket sitt. Ungdomsråd skal representere og uttaler seg vegner av alle ungdomar. 
Ungdomsrådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom i kommunen. Det kan vere mange ulike saker, for eksempel

  • kultur- og fritidstilbod
  • skulesaker
  • helsetilbod
  • samferdsel og kollektivtilbod
  • miljøsaker
  • kommunens årsbudsjett og økonomiplan
  • arealplanlegging
  • kommuneplanar

Meir informasjon finn du i Bufdir sin rettleiar. 

Denne filmen (ca 5 min) er ei fin innføring i kva det vil seie å vere medlem i eit ungdomsråd.

Meld din interesse

Frist 12. september

Alle som melder seg vil bli invitert til ein kort samtale på rådhuset med avtroppande leiar Tuva Johanne Rypdal Hovden og to ungdomskontaktar innan den 24. september.

Det er kommunestyret som formelt vel det nye ungdomsrådet i sitt møte den 25. september.