Utlysning av kulturmidlar og aktivitetstilskot for 2026

Vestnes kommune lyser ut kulturmidlar og aktivitetstilskot til frivillige lag og foreiningar kvart år. No kan ein søkje om midlar/tilskot for 2026.

Tilskotsordninga skal støtte frivillig aktivitet i kommunen og bidra til eit breitt og inkluderande kultur- og fritidstilbod.

Kven kan søkje? 

Frivillige lag og foreiningar som:

  • er registrerte i Frivilligregisteret
  • har aktivitet i Vestnes kommune

Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan gjere det i denne lenkja: Registrering i Frivillighetsregisteret - Brønnøysundregistrene sine nettsider

Slik søkjer du

Du kan søkje gjennom det elektroniske søknadsskjemaet i knappen under.

  • Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget.
  • Du må også leggje ved årsmelding for siste driftsår og rekneskap for siste driftsår som vedlegg i søknaden.
  • Søknadsfrist: Laurdag 25. april 2026.

Til søknadsskjema for kulturmidlar/aktivitetstilskot

Endeleg vedtak om fordeling av aktivitetstilskot for 2026 blir gjort av Vestnes formannskap i juni månad.

Du kan lese meir om kommunale kulturmidlar i denne lenkja: Kommunale kulturmidlar - Vestnes kommune