Kommunale kulturmidlar

Kommunale kulturmidlar

Vestnes kommune lyser ut kulturmidlar til frivillige lag og foreiningar kvart år. Ein kan søke på eige skjema med frist 25. april.

Kven kan søke?

Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og driv aktivitet i Vestnes kommune.

Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.

Kva kan det søkast tilskot til?

Kommunale kulturmidlar er eit tilskot til den daglege drifta av lokale lag og organisasjonar. Barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet.

Kulturmidlane er delt inn i desse kategoriane:

  • Idrett og friluftsliv
  • Song, musikk og scenekunst
  • Andre kulturformål  

Vestnes idrettsråd tilrår korleis midlane skal fordelast mellom idrettsorganisasjonane som er knytt til Noregs idrettsforbund. Eit lokalt råd med utspring i Vestnes kulturskule tilrår korleis midlane skal fordelast i kategorien song, musikk og scenekunst, medan Administrasjonssjefen tilrår fordelinga i kategorien andre kulturformål.
Vestnes formannskap vedtek den endelege tildelinga i alle kategoriane.

I tillegg til kulturmidlane, tildeler Vestnes kommune også midlar til ulike øyremerkte tilskot, ungdomstiltak, Ungdommens kulturmønstring og ungdomsstipend.

Slik søker du

Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget. 

Du søker kulturmidlar (aktivitetstilskot) her. 

Vedlegg til søknaden:

  • Årsmelding
  • Rekneskap for siste året

Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.

Søknadsfristen er 25. april

Kontaktinformasjon

Ingrid Skjegstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 71 18 40 97

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart