Utdeling av ungdomsstipend

Utdeling av ungdomsstipend

Vestnes ungdomsråd deler årleg ut ungdomsstipend på til saman 7500 kr, som etter forslag/søknad kan tildelast ungdom som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori.

Mottakarane av årets ungdomsstipend er:

Solveig Tomren Slemmen 
Solveig har vore på krets- og fylkeslag i alle aldersbestemte klassar i fotball, og har så langt spelt 9 landskampar for Noreg.

Sigrid Rypdal Gjul
Sigrid er på U21-laget til Norges Islandshestforening, og vart i fjor norgesmester i Islandshest med begge hestane sine i ulike greiner.

Anthonie Eiken Faksen 
Anthonie spelar flygelhorn i Tomrefjord skulekorps, Ørskog Brass Band og Den lille messingfabrikken. Har blitt tatt inn i talentutviklingsprogrammet til NTNU, «Unge musikere» i Trondheim.

Sigrid hadde ikkje høve til å møte.

Etter utdelinga var vinnarane inviterte med på ungdomsrådet si sommaravslutning.

Utdeling ungdomsstipend - Klikk for stort bilete Ingrid Skjegstad  

På bildet f.v.: Solveig Tomren Slemmen, ordførar Randi Bergundhaugen, Anthonie Eiken Faksen, Synnøve Vikås (leiar i ungd.rådet), Magnus Jensen og Tuva Johanne Rypdal Hovden