Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Tilsyn med private avløpsanlegg og utslepp

Tilsyn med private avløpsanlegg og utslepp

Kommunen som forureiningsmyndigheit er pålagt å føre tilsyn med alle avløpsanlegg i kommunen. Dette for å oppnå nasjonale målsettingar og krav i regelverket - heimla forureiningsforskrifta sine kapittel 12, 13, 14 og 15. 

Kommunestyret i Vestnes godkjente forskrifta i  sak PS 91/22 den 03.11.2022.

Frå og med 2023 er det innført eit årleg tilsynsgebyr - heimla i lokal forskrift. Det skal betalast årleg uavhengig når tilsynet finn stad. 

For eit vanleg privat avløpsanlegg er gebyret sett til kr. 500,- for 2023 (det vert ikkje kravd mva på slike gebyr).

Les forskrifta: Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket, Vestnes kommune, Møre og Romsdal