Tilskot til inkludering av barn og unge 2026

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2026.

Du finn meir informasjon om ordninga på nettsidene til Bufdir.

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søkje:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Søknadsfrist 

31. oktober 2025

Slik søkjer du:

  1. Set deg inn i forskrifta og informasjonen på nettsida for ordninga.
  2. Send inn søknad i Bufdir si søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida for ordninga for unntak frå denne regelen). Du kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida for meir informasjon om desse).

Etter at du har sendt søknaden

Søknader som er sende inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på vedtakande politisk eller administrativt nivå.

Når kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på nettsidene til Bufdir om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktperson i Vestnes kommune

Ingrid Skjegstad, kulturrådgivar - ingrid.skjegstad@vestnes.kommune.no