Test av Nødvarsel - onsdag 10. juni

Onsdag 10. juni blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva den 10. juni blir gjennomført over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen blir sendt ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og er kopla til 4G/5G kan ta imot testen.

På nettsida nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva telefonar som kan ta imot Nødvarsel.

Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrte.

Kvifor teste?

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjere befolkninga kjend med korleis det opplevast å få eit Nødvarsel, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

Testing av tyfonane blir gjort for å avdekkje tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet. Signalet som blir testa under varslingsprøvane heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gitt gjennom ulike medium, til dømes radio, TV, styresmaktene sine nettsider og sosiale medium.

På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.