Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Temaplanrullering 2023 - Idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg

Temaplanrullering 2023 - Idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg

Vestnes kommune rullerer kulturpolitisk temaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg kvart år, mellom anna med tanke på tippemiddelsøknadar.

Frå no og til midten av oktober 2023, registrerer Vestnes kommune relevante prosjektinnspel frå både einskildpersonar, lag, foreiningar og kommunale driftseiningar.

Gjeldande temaplanrullering finn du her (PDF, 306 kB)

Send innspel/melding om prosjekt til postmottak@vestnes.kommune.no seinast måndag 16. oktober 2023.