Startar « Sterk og stødig‑tilbod» i Vestnes Torsdag 23. april startar “Sterk og stødig‑gruppe” opp i Vestnes. Treninga går føre seg i Myra kulturbygg og er retta mot seniorar som ønskjer betre balanse, styrke og tryggleik i kvardagen. Sterk og stødig er eit nasjonalt treningskonsept for personar over 65 år som bur heime og i hovudsak klarer seg sjølve, men som kan kjenne seg litt ustø i enkelte situasjonar. Målet er å førebygge fall og funksjonstap gjennom regelmessig og tilpassa trening. Konseptet er forankra i kommunen, men blir drive av frivillige instruktørar med opplæring i metoden. Sosialt og førebyggjande tilbodSterk og stødig er meint som eit førebyggjande og helsefremjande tiltak, og gir samtidig høve til sosialt fellesskap rundt trening. Kor mange som melder seg på, vil avgjere korleis gruppa blir organisert vidare. Tilbodet er gratis ut vårsemesteretTreninga legg hovudvekt på styrke i beina, balanse og koordinasjon. Øvingane blir gjennomførte både ståande og gåande, og er tilpassa deltakarane sitt nivå. Treninga er kvar torsdag og følgjer skuleruta, med pause i skuleferiar.Tid og stad – første treningStad: Myra kulturbygg Tid: Torsdag 23. april kl. 11.00–12.00Påmelding og spørsmålPåmelding og spørsmål går gjennom fysioterapeut Torun Grindvik Weibust. E‑post: torun.weibust@vestnes.kommune.noTelefon: 41 61 73 01 Sist endra 21.04.2026 14.43