Fondet deler ut midlar til samfunnsnyttige tiltak kvart år, og første frist for å sende søknad er 1. mars.
Kva er Mulighetsfondet?
Mulighetsfondet skal bidra til prosjekt som skaper varige moglegheiter for menneske og miljø i Molde og omegn. Den geografiske avgrensinga skal ikkje tolkast strengt, og styret kan vurdere søknader breitt innanfor formålet. Dette betyr at tiltak i kommunar som Vestnes også kan vere aktuelle når prosjektet har lokal verdi og samfunnsnytte.
Mulighetsfondet er oppretta på initiativ frå Kjell Inge Røkke. Elevane og lærarane frå avgangskullet i 1975 ved Bekkevoll og Bergmo ungdomsskule er medstiftarar, og dei foreslår og prioriterer tiltak som skal få midlar, medan styret tek den formelle avgjerda og har det øvste ansvaret for tildelingane.
Fondet skal vere ein langsiktig ressurs for lokalsamfunnet og bidra til utvikling av menneske, miljø og gode idear. Fondet deler ut 20 millionar kroner kvart år i heile 25 år. Midlane blir fordelte i to tildelingsrundar årleg, kvar på om lag 10 millionar kroner. Ein enkelt søkjar kan få inntil 50 prosent av tildelingssummen i ei tildelingsrunde.
Kven kan søkje?
Fondet er ope for ei brei gruppe aktørar, så lenge tiltaket skaper verdi i lokalsamfunnet. Følgjande kan søkje:
- Frivillige lag og foreiningar
- Ideelle og ikkje-kommersielle organisasjonar
- Uformelle grupper eller nettverk med konkrete idear
- Lokale initiativ og prosjekt i oppstarts- eller gjennomføringsfase
- Offentlege aktørar kan søkje supplerande støtte til tiltak som ikkje fell inn under lovpålagde oppgåver
Korleis søkje
Du kan sende søknad til mulighetsfondet digitalt, gjennom fondet si nettside her.
På nettsida finn du også vedtekter, spørsmål og svar og kontaktinformasjon for hjelp i søknadsprosessen.
Alle som søkjer må registrere ein medstiftar som støttar prosjektet. Oversikt over medstiftarar finn du på fondet si nettside. Dersom du ikkje kjenner nokon av medstiftarane, kan dagleg leiar Petter Dalseng kontaktast direkte.