Søk midlar frå "Småtiltakspotten" til GassROR IKS til lag og foreiningar som vil realisere små tiltak

Den årlege potten til mindre tiltak er tiltenkt lag, foreiningar o.l. Det vil bli vektlagt eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar (sponsormidlar, gavemidlar o.l.).

I søknadsrunde 1 blei det gitt 23 tilsagn med ein samla tilsagnsum på 1 012 500 kroner. Representanskapet beslutta i møte 21.06.24 å utvide ramma for 2024 med 1 000 000 kroner. For søknadsrunde 2, med søknadsfrist 01.10.24 er det dermed ei ramme på 1 037 500 kroner.

Her kan du lese meir om retningslinjer og prinsipp for vurdering av søknadar: www.gassror.no - Småtiltakspotten 

Alle søknadar MÅ leverast elektronisk via søknadskjema på nett:

Søknadsskjema

Frist for å søke om midlar er innan 1. oktober.