SMIL og tilskot til tiltak i beiteområderSpesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og Tilskot til tiltak i beiteområder er to nasjonale tilskotsordningar med lokale retningslinjer. Formålet med SMIL er å fremme natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureininga frå jordbuket, ut over det som kan forventast av vanleg jordbruksverksemd.Tilskot til tiltak i beiteområder har som formål å legge til rette for best mulig utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite og fremme fellestiltak i beiteområde. Dette tilskotet er retta mot lag og organisasjonar som driv næringsmessig beitedrift.Dei lokale retningslinjene skal vere med å sikre at ordningane blir retta mot lokale behov og målsettingar. I Vestnes er dei samla i eit dokument her. (PDF, 630 kB)Det er verdt å merke seg at dette er to separate ordningar. Anskaffing og bruk av til dømes radiobjeller vil ikkje kunne vurderast til å vere ut over det som kan forventast av vanleg jordbruksverksemd (SMIL), men kan vere aktuelt for beitelag (Tilskot til tiltak i beiteområde). Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret, so kan me diskutere dei planlagte tiltaka i førkant. Slik søker duFor meir informasjon om ordningane og lenke til elektroniske søknadsskjema sjå:SMIL - spesielle miljøtiltak i landbruketTilskudd til tiltak i beiteområderSøknadsfristen er 1. mai kvart år. Sist endra 23.04.2025 17.06