I dag (13.03.2026) hadde Vestnes kommune møte med Husbanken.
Husbanken er eit statleg organ under Kommunal- og distriktsdepartementet. Dei skal bidra til auka bustadbygging, betre bustadforhold og sikre at vanskelegstilte kan skaffe og behalde ein eigna bustad. I tillegg skal Husbanken støtte kommunar i det bustadpolitiske arbeidet deira.
– Det er nyttig å ha Husbanken på laget når vi planlegg for framtida og skal møte ei endra folketalsutvikling. Husbanken vert ein av aktørane i arbeidet med å få fram Vestnes sin bustadpolitiske plan, seier kommunedirektør Audhild Mork om møtet.
Kommuneleiinga, ordføraren og deltakarar frå Husbanken samla i samband med møtet.
Sist endra 13.03.2026 14.37