Saman gjer vi høgtida varmare

Vestnes Frivilligsentral og Tresfjord og Vestnes Røde Kors held fram med den gode juletradisjonen om å dele ut mat og gåver til dei som treng det. 

I fleire år har dei i samarbeid med Vestnes kommune om å dele ut matkassar og julegåver til innbyggarar som treng litt ekstra støtte i høgtida. Mange opplever økonomisk krevjande tider, og nokre står utan nettverk. Difor ønskjer vi å spreie juleglede til dei som treng det mest. 

Slik kan du få hjelp

  • Send SMS til Vestnes Frivilligsentral: 974 84 478
  • Du kan òg melde behov via fastlege, helsestasjon, heimetenesta eller NAV.
  • Frist for å ta kontakt: 10. desember
  • Tilbodet gjeld for deg som er busett i Vestnes kommune

Vi har teieplikt og tek vare på personvernet ditt. Førespurnader blir alltid behandla med respekt og omsyn.

Slik kan du bidra

Vi opplever stor giverglede i Vestnes! Privatpersonar og bedrifter kan bidra på fleire måtar:

  • Vipps 531382 (Tresfjord og Vestnes Røde Kors)
  • Legg varer i handlekurvene på Rema 1000, Europris og Spar Tresfjord.
  • Pynt juletreet på biblioteket: Kjøp ei julekule for eit valfritt beløp og heng på treet i biblioteket – pengane går til julegåver for nokon som treng det.