Rekordmange har førehandsstemt i Vestnes

Over ein tredjedel av dei stemmeberettiga i Vestnes kommune leverte stemma si før valdagen. 

Førehandsstemminga i Vestnes kommune vart avslutta 5. september, og tala viser eit historisk høgt oppmøte for kommunen. Over 2000 personar av dei 5198 stemmeberettige i kommunen valte å førehandsstemme.

Aldri før har så mange førehandsstemt i Vestnes kommune, og det betyr at ein stor del av stemmene til årets stortingsval allereie vart levert før sjølve valdagen.

– Dette stortingsvalet har vi fått fleire førehandsstemmer enn tidlegare, og vi er veldig nøgde med at så mange har førehandsstemt, seier valansvarleg Hilde Rekdal.

Etter kvart som stemmelokala stenger, går arbeidet vidare med å registrere dei ordinære stemmene.

– Vi forventar at valtingstemmene kjem utover kvelden og vil arbeide med å registrere desse, legg valansvarleg Silje B. Sylte til.