Rehabilitering av sentralkjøkkenet: Dagsenteret har flytta midlertidig

Sentralkjøkkenet i Vestnes skal rehabiliterast i 2026. I byggeperioden skal kjøkkenet bruke lokala ved Aktivitetssenteret, der Sentrum dagsenter for personar med demens ligg.

Difor er dagsenteret for personar med demens flytta midlertidig. 

Sentrum dagsenter flytta i slutten av februar til Skåla, den vakante bugruppa ved helsehuset Stella Maris. Dei som er berørt av dette fekk informasjon om endringa hausten 2025. 

Flyttinga av dagsenteret har gått fint med god innsats frå både tilsette og brukarar. Lokala ved Stella Maris sikrar at brukarane får eit godt tilbod medan dei faste lokala deira nyttast av sentralkjøkkenet. Dagsenteret vil halde til på Stella Maris fram til rehabiliteringa av sentralkjøkkenet er ferdig. 

Tilsette ved sentralkjøkkenet vil etter påske flytte inn i dei tomme lokala på Aktivitetssenteret. Rehabiliteringa av sentralkjøkkenet er estimert å ta om lag 6-8 månader.

Oppdatert informasjon om framdrift vert lagt ut på heimesida til Vestnes kommune.