Rådet for funksjonshemma endrar namn I kommunestyret 18. juni 2026 blei det vedteke at Rådet for funksjonshemma endrar namn. Det nye namnet er Råd for personar med funksjonsnedsetting.Bakgrunnen for namneendringa er at rådet ønskjer eit namn som samsvarer betre med omgrepsbruken i lovverk, forskrifter og nasjonale rettleiingar, og som blir opplevd som meir tidsriktig og inkluderande enn tidlegare namn.Ønskjer tydelegare og meir inkluderande språkFrå venstre: leiar Siw Stavik og nestleiar Gunn Anita Valldal i Råd for personar med funksjonsnedsetting.Vi ønskjer eit namn som er i tråd med dagens språkbruk, og som speglar rolla og arbeidet vårt på ein tydeleg måte, seier Siw Stavik, leiar i Råd for personar med funksjonsnedsetting.Rådet arbeider for å fremje interessene til personar med funksjonsnedsetting, og gir råd i saker som gjeld universell utforming, tilgjenge og deltaking i lokalsamfunnet.– Vi håpar det nye namnet gjer det tydelegare kva rådet er, og kven vi er til for, seier nestleiar Gunn Anita Valldal om namneendringa. Sist endra 23.06.2026 16.26