Prosjektet Mangfald søker roller til filmar om inkludering (honorert) 

Vestnes kommune har fått nye midlar frå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) til vidareføring av prosjektet Mangfald

I denne delen av prosjektet skal vi blant anna utvikle ei filmpakke som skal brukast i oppvekstsektoren og på ulike flater i kommunen. Vi samarbeider med filmselskapet Oclin og Høgskulen i Volda. 

Vil du vere med? 

Oclin søker no personar til roller i filmane. Innspeling skjer i Vestnes tysdag 4. november og onsdag 5. november. Tidspunkt og varigheit på opptak blir avtalt nærmare. Scenene har få eller ingen replikkar.

Vi søker personar over 15 år og eldre til følgande roller: 

Skodespelarar: 

  • 2 gutar, spelealder 13 år 
  • 2 vaksne, 40–50 år 
  • 1 person i rullestol, ungdomsskulealder 
  • 1 jente, spelealder ca. 13 år 
  • 3 gutar/jenter, spelealder ca. 13 år 
  • 1 eldre person, 70+ år 
  • 1 gut, spelealder ca. 13 år, med minoritetsbakgrunn 

Statistar: 

  • Vi søker også etter statistar i ulike aldrar, meld interesse om du vil vere med.

Honorering (fakturerast): 

  • Skodespelarar: kr 2 000 eks. mva 
  • Statistar: kr 1 200 eks. mva

Slik søker du: 

Send ein e-post til casting@oclin.no med: 

  • Oppdaterte bilete 
  • Kort presentasjonsvideo 
  • Namn, fødselsdato og kontaktinfo 
  • Merk e-posten med “Liten gest” og ønskja rolle 
  • Skriv gjerne kva dato og tidspunkt som passar for deg (4. eller 5. november) 

Vi oppfordrar alle etnisitetar, kjønn, funksjonsevner og legningar til å melde si interesse. Du treng ikkje ha tidlegare erfaring for å vere aktuell.

Frist for å søke er søndag 2. november 

For spørsmål angåande roller til film, ta kontakt med: 

Kristina Juul Jørgensen, Oclin 

+47 482 25 201 

For spørsmål angåande prosjektet Mangfald, ta kontakt med: 

Mari Nalbant Karadash, Prosjektleiar, Vestnes kommune 

mari.karadash@vestnes.kommune.no