PLIVO-øving ved brannstasjonen på Helland

Torsdag 30. oktober mellom kl. 17.00 og 20.00 blir det gjennomført ei PLIVO-øving ved brannstasjonen på Helland. 

Politi, ambulanse og brannvesen deltek. I denne perioden kan det vere blålys, sirenar og knallskot i området. Dette er ein øvingssituasjon, og det er ikkje grunn til uro.