Per Ottar Bjørdalsbakke får Kulturprisen for 2025Vestnes formannskap har vedteke at årets kulturpris går til Per Ottar Bjørdalsbakke. Prisen blir delt ut under det siste kommunestyremøtet før jul, torsdag 11. desember.Kulturprisen består av eit diplom og 10 000 kroner, og blir gitt til personar som har gjort ein særleg innsats for kulturlivet i kommunen. Forslaget om å tildele prisen til Bjørdalsbakke kom frå Jon Ragnar Halkjelsvik.I grunngjevinga går det fram at: Per Ottar Bjørdalsbakke har lagt ned tallause dugnadstimar for idretts- og kulturlivet i Vestnes gjennom mange tiår. Han har gjennom alle desse åra hatt ei aktiv rolle i lokalsamfunnet som frivillig for fellesskapet, både innan fotball, friidrett, korps, politikk og med frilufts- og dugnadsarbeid for Kråkvikas venner for å nemne noko. Per Ottar stiller alltid velvillig opp, er ein ja- mann og har blitt kalla dugnads-nestor. I 2015 vart han utnemnt til æresmedlem i Vestnes Varfjell IL for sin store innsats for klubben, blant anna for friidrettsgruppa. Han var i si tid ein av stiftarane av det lokale løpet «Flatevågen rundt» som i mange år samla deltakarar frå dei fleste idrettslag i distriktet. I 2017 stemte Vestnesavisa sine lesarar han fram som årets eldsjel i Vestnes. Det er knapt den ting han ikkje har vore engasjert og involvert i innan idretts- og kulturlivet i kommunen.Vestnes kommune vil gratulere Per Ottar Bjørdalsbakke med kulturprisen for 2025! Sist endra 25.11.2025 16.14