Overgangen til Helseplattformen gjekk som planlagtHelseplattformen er no i bruk i alle kommunane i Romsdal. Fredag klokka 21:37, ein knapp halvtime før skjema, blei Helseplattformen skrudd på i Hustadvika, Molde, Aukra, Rauma og Vestnes kommuner. Overgangen gjekk som planlagt. Tidligare på dagen blei dei gamle journalsystema skrudd av, og gjennom heile fredagen har eigne kommandosenter i alle dei fem kommunane gjennomført oppgåver etter nøye planlagde arbeidslister. Klokka 21:37 blei det bekrefta at alle oppgåvene var ferdigstilt. I alle dei fem kommunane har politisk og administrativ leiing, nøkkelpersonell i prosjektet og tilsetterepresentantar følgt nøye med gjennom kvelden. Nokre kommuner har òg hatt besøk av representantar frå Helseplattformen og Helse Møre og Romsdal.Lenke: Romsdalskommunene tar i bruk helseplattformen i kveldNi nye kommuner (helseplattformen) Sist endra 22.11.2023 14.02