Romsdalskommunane tek i bruk Helseplattformen i kveld

Fredag 3. november slår romsdalskommunane av gamle journalsystem, og klokka 22 same kveld blir Helseplattformen skrudd på. Det inneber at over 4 000 tilsette tek i bruk eit heilt nytt arbeidsverktøy.

Målet om éin felles pasientjournal for innbyggarane i Midt-Noreg står ved lag, og kommunane Molde, Rauma, Hustadvika, Vestnes og Rauma tek no viktige steg på vegen mot ei samanhengande helseteneste for pasientar og tilsette. 

-Alle kommunane i Romsdal er deleigarar i Helseplattformen AS og vi har førebudd oss godt for å ta dette felles løftet. Det opplyser kommunedirektør Per Sverre Ersvik i Hustadvika kommune. Han er medlem av samarbeidsrådet for Helseplattformen og uttaler seg her på vegne av alle kommunane i Romsdal. 

Kommunane er godt førebudd

Mange kommuner i Midt-Noreg har allereie innført Helseplattformen. Først ut var Trondheim kommune i mai 2022.  Ålesund kommune var først i Møre og Romsdal. Dei innførte Helseplattformen i april i år. Fredag 3. november er det ni kommuner som tek i bruk løysinga. I tillegg til romsdalskommunane er dette Kristiansund, Fjord, Rindal og Sula kommuner.

Sammenlikna med utfordringane som St. Olavs hospital står i, så har overgangen til nytt journalsystem gått langt betre i kommunane. 

- Vi må sjølvsagt rekne med ein del innkøyringsprobleme med eit så stort teknologisk skifte, men vi er klare til å ta overgangen no, seier Ersvik.  

Det vil ta tid for tilsette i romsdalskommunane å venne seg til eit heilt nytt system, og kapasiteten i kommunehelsetenesta kan bli redusert. Til dømes kan det ta noko lengre tid å få svar på telefon, eller saksbehandlingstida kan vere litt lengre enn normalt. Kommunane reknar òg med at tilsette kan ha litt mindre tid til pasientar og pårørande i ei periode. 

-Vi skal halde oppe eit forsvarleg tenestetilbod, men ber om forståing og tålmod no i startfasen, seier han.

Som ein ekstra sikkerheit er det òg etablert ei mellombels rutine mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal. Når kommunane sender elektronisk melding til eit sjukehus, skal dei òg ringe for å vere sikker på at meldinga kjem fram.

Support og opplæring

Dei første vekene etter innføring stiller Helseplattformen med hjelp til alle kommunane som tek i bruk løysinga. I tillegg har kommunane eit eige støtteapparat i form av instruktørar og superbrukarar. 

Romsdalskommunane har kjørt felles opplæring av tilsette tilpassa ulike yrkesgrupper, og til saman har over 4 000 tilsette innan helse og omsorg vore på kurs. I tillegg har tilsette gjennomført e-læring og eigentrening. 

Les meir på Helseplattformen si nettside: 

Ni nye kommuner kobler seg på Helseplattformen - Helseplattformen AS

Logo for Helseplattformen - Klikk for stort bilete