Rådhuset stengt inntil vidare

På grunn av ein trusselsituasjon mot tilsette i NAV og Vestnes kommune er dørene på rådhuset stengt inntil vidare. Treng du kontakt med saksbehandlar, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10 - 14).

Opning av skilting langs den Trondhjemske postveg gjennom Vestnes kommune

Opning av skilting langs den Trondhjemske postveg gjennom Vestnes kommune

Som ein av fire kommunar i fylket, har Vestnes kommune fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing «Ein bit av historia». Denne satsinga har som mål å gjere historiske vegar i Møre og Romsdal meir kjent og meir brukt. Ein av desse historiske vegane er Den Trondhjemske postveg som i vårt fylke går gjennom åtte kommunar frå Volda i sør til Surnadal i nord.

 Frå opninga 29.08.2022. F.v. ordførar Randi Bergundhaugen, Olav Hole, Per Bjørn Ellingseter, biblioteksjef Vigdis Ødegård og kulturrådgivar Ingrid Skjegstad. Foto: Britt Elise Skram

I Vestnes er vi så heldige at vegen går rett gjennom sentrum. Dette har gjort at det har vore enklare å finne fleire måtar å formidle historia på, enn om vegen hadde vore vanskelegare tilgjengeleg eller kanskje måtte gravast fram igjen.

Det er sett opp 6 skilt på strekninga frå Vestnes kyrkje til Vestnes prestegard. Bilde viser skiltet ved Vestnesgarden/Hotel Stanley.

Vestnes kommune har hatt svært god hjelp frå Per Bjørn Ellingseter med utarbeiding av skilttekstane, og bilda er innhenta frå Olav Hole og Romsdalsmuseet.  Det er biblioteksjef Vigdis Ødegård og kulturrådgivar Ingrid Skjegstad som har hatt ansvaret for denne delen av prosjektet frå kommunen si side. 

Prosjektet i Vestnes er tredelt, der del 1 er skilting langs traséen gjennom sentrum.

Del to er vandreteateret med Vestnes teaterlag og innleigde profesjonelle aktørar, basert på manus av Rolf Orø. Denne dramatiseringa av historier langs postvegen har premeiere førstkomande laurdag. Del tre er ein VR-produksjon av postvegen gjennom sentrum anno 1862. Det skal og utarbeidast ein audioguide til skilta.