Omvalg - fylkestingsvalet i Moss kommune

Kommunal - og distriktsdepartementet har vedteke at fylkestingsvalet i Moss kommune er ugyldig og har beramma omval. Stemmegivingsperioden blir som følgjande:

  • Førehandsstemmergiving innanriks: frå måndag 13. november til og med fredag 24. november.

Under førehandsstemmegivinga innenriks kan velgjarar kontakte kva som helst kommune for å avtale tidspunkt for å stemme. Det er berre Moss kommune som skal ha, og gjennomføre, valting.

Valkort til dei som skal stemme

Valkort blir sendt ut til velgarar som står innført i manntalet i Moss kommune. Valkort på papir blir sendt ut 3. november. Valkorta mottek ein erfaringsvis den same veka og byrjinga av påfølgjande veke. Digitale valkort blir sendt ut 6. november. Som ved ordinære val er det velgjarar som ikkje har reservert seg i Kontakt- og reservasjonsregisteret, og som har stadfesta/oppdatert kontaktinformasjonen i registeret i løpet av dei siste 18 månadene, som mottek valkortet digitalt. Øvrige mottar det fysisk.

SMS med påminning om valet blir sendt ut 13. november til alle som står innført i manntalet i Moss kommune og som ikke har reservert seg i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Kor kan du stemme i Vestnes kommune

Stemmeberettiga kan avgi stemme i servicekontoret, Vestnes rådhus måndag - fredag mellom kl 10 og 14 i forhåndsstemmeperioden (13. - 24. november) eller ta kontakt på telefon 71184000 for å avtale anna tidspunkt.

Velgjarar som oppheld seg i Vestnes kommune, og som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan avgi stemme i servicekontoret kan etter søknad til valstyret avgi førehandsstemme der dei oppheld seg. Søknad må vere komme inn til valstyret innen onsdag 22. november 2023 kl. 12.

Valgloven
Forskrift om endring i forkrift om omvalg til fylkesting i Østfold