Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Offentleg ettersyn/høyring - Kommuneplanen sin handlingsdel 2023-2026, økonomiplan 2023-2026 og budsjett 2023

Offentleg ettersyn/høyring - Kommuneplanen sin handlingsdel 2023-2026, økonomiplan 2023-2026 og budsjett 2023

I medhald av kommunelova kap. 14 og plan- og bygningslova § 11-4, legg Vestnes formannskap ut kommuneplanen sin handlingsdel 2023-2026, økonomiplan 2023-2026 og budsjett 2023 til offentleg ettersyn/høyring. 

Formannskapet si innstilling skal ligge ute til offentleg ettersyn i minst 14 dagar. 
Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte den 15. desember.

Innspel og høyringssvar skal sendast Vestnes kommune: postmottak@vestnes.kommune.no eller pr post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Høyringsfrist 8. desember 2022. 

Alle høyringssvar innkomne innan fristen vert utsendt til kommunestyret. 


Dokument i saka:

Formannskapet si innstilling til kommuneplanen sin handlingsdel 2023-2025, økonomiplan 2023-2025 og budsjett 2023 (digital)

Formannskapet si innstilling - Vestnes kommune sin handlingsdel, økonomiplan og budsjett 2023-2026 (PDF, 3 MB)
Saksprotokoll frå formannskapet 21.11.2022 (PDF, 247 kB)
Saksframlegg frå kommunedirektøren - Kommuneplanen sin handlingsdel, økonomiplan og budsjett 2023-2026 (PDF, 473 kB)