Rådhuset stengt inntil vidare

På grunn av ein trusselsituasjon mot tilsette i NAV og Vestnes kommune er dørene på rådhuset stengt inntil vidare. Treng du kontakt med saksbehandlar, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10 - 14).

Nye anbefalingar om oppfriskingsdose mot covid-19 frå folkehelseinstituttet

Nye anbefalingar om oppfriskingsdose mot covid-19 frå folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet har komme med nye anbefalingar om oppfriskingsdose mot covid-19.

Oppfriskningsdose til personar i risikogrupper mellom 18 og 64 år

Personar i aldersgruppa 18 - 64 år med følgjande sjukdommar/helsetilstandar blir vurdert å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19: 

  • organtransplanterte 
  • alvorleg og moderat immunsvikt 
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar 
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år 
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylig avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 
  • alvorlege nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (eks. ALS og cerebral parese) 
  • Downs syndrom 
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon 
  • demens 
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året 
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • kroniske hjarte- og karsjukdommer (med unntak av høgt blodtrykk) 
  • hjerneslag 
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar

Oppfriskningsdose til ungdom i alderen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom 

Anbefalinga gjeld ungdom 12 - 17 år med dei alvorlege grunnsjukdommane nemd under. Legg merke til at denne lista med grunnsjukdommar er forskjelleg fra lista for vaksne over.

  • Organtransplantasjon (eks. hjarte, nyre, lever etc.). 
  • Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon) 
  • Hematologisk kreftsjukdom (eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Annen aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift 
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt lungefunksjon 
  • Kronisk nyresjukdom med betydelig nedsett nyrefunksjon 
  • Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammersjukdom/«Fontan-barn») 
  • Alvorleg lungesjukdom (eks. cystisk fibrose, særs alvorleg astma med forverringar som har hatt akutt sykehusinnleggelse siste året) 
  • Annan særs alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av barnelege.

Oppfriskningsdose til gravide

Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester blir tilbudt oppfriskningsdose, ettersom det er då dei  har høgast risiko for alvorleg sjukdom. Dette er uavhengig av om dei kun er grunnvaksinerte frå før eller allereie har motteke ei oppfriskingsdose. Det bør ha gått minst 4 månader sidan forrige dose.

Lenke til informasjon om vaksineringa i Vestnes