Nav flyttar til nye lokale – midlertidig endring i tilbodet Nav Vestnes er i gang med å flytte frå rådhuset og inn i nye og meir tenlege lokale i Kjøpmannsgata 11. Flytteprosessen vil gi nokre midlertidige endringar i tilbodet. I veke 5 held Nav-kontoret stengt for drop‑in. Det betyr at du ikkje kan møte opp utan avtale, slik du vanlegvis kan. Dette gjeld både måndag 26. januar og torsdag 29. januar.Det blir òg gjennomført færre brukarmøte enn normalt i flytteperioden. Dersom du allereie har ein avtale med Nav gjeld denne som vanleg. Frå og med 2. februar held Nav til i det nye lokalet i Kjøpmannsgata 11. Fram til då skal du møte opp ved Nav-kontoret på rådhuset som før. Det nye lokalet ligg midt i Vestnes sentrum, med kort avstand frå Alti-senteret. Kva om eg treng akutt økonomisk hjelp i veke 5 når drop-in er stengt?Om du har behov for akutt økonomisk naudhjelp eller står utan bustad for natta, kan du ta kontakt med Nav på telefon 55 55 33 33 måndag–fredag kl. 09.00–15.00.Du kan òg komme i kontakt med Nav på nav.no. Sist endra 19.01.2026 13.30