Næringsprisen for 2024 frå Vestnes kommuneI sitt møte onsdag 25.11.2024, behandla Vestnes formannskap tildeling av Næringsprisen for 2024 frå Vestnes kommune.Vestnes formannskap vedtok at årets næringspris skal gå til Grete Gaustad og Joker Tomrefjord.Næringsprisen består av ein statuett og eit eige næringsprisdiplom.Forslagsstillar var May Britt Lid Monstad. Grete Gaustad tok i 1991 over drifta av den godt etablerte og veldrivne matbutikken etter foreldra sine, Kjellaug og Lars Gaustad. Butikken vart etablert tidleg på 60-talet og er den einaste matbutikken som er igjen i Tomrefjord.I grunngjevinga går det fram at Grete har greidd å drive butikken godt i hard konkurranse med dei store dagligvarekjedene. Det er no 8 ansatte i bedrifta. Grete er nok ein god sjef og leiar, sidan fleire av damene har jobba i bedrifta i ei årrekke. Det er alltid trivelig å komme inn på bua til ho Grete, med blide ansatte og god service. Grete har omsorg for heile bygda, og er raus i si støtte til lag og foreiningar.Vestnes kommune vil gratulere Grete Gaustad og Joker Tomrefjord med Næringsprisen for 2024!Prisen blir markert og utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul, torsdag den 12. desember. Vestnes, 25.11.2024Vestnes formannskap Sist endra 25.11.2024 20.06