Næringsprisen for 2022 frå Vestnes kommune

I sitt møte måndag 21.11.2022, behandla Vestnes formannskap tildeling av Næringsprisen for 2022 frå Vestnes kommune. Vestnes formannskap vedtok at årets næringspris skal gå til Bauta Group ved Daniel og Jon Arve Sundet.

Næringsprisen består av ein statuett og eit eige næringsprisdiplom.
Forslagsstillar var Ellen Marit Dimmen Vik.

Grunngjeving:

Bauta Group ved Daniel og Jon Arve Sundet er to dyktige leiarar som har bygd opp ei bedrift gjennom fleire år. Frå 2013 har firmaet utvikla seg frå eit selskap med 25 tilsette til eit konsern med åtte selskap og ca 440 tilsette innan ei rekke ulike bransjar.

På heimesida seier dei mellom anna: «Her bygger vi stein på stein for å bidra til verdiskaping og levende lokalsamfunn. Vi har selskaper som opererer innenfor en rekke ulike sektorer, men alle opererer etter den samme målsettingen; å alltid levere solid kvalitetsarbeid».

I dag er Bauta Group ei av dei største bedriftene i Vestnes kommune både i omsetnad og tal på tilsette. Lokalt eigarskap er viktig, og bedrifta bidreg positivt til lokalt frivillig organisasjonsliv, til stor glede for både lokalsamfunn og kommune.

Bauta Group er ei kunnskapsbedrift som både bidreg med arbeidsplassar og utvikling, men som òg tek på alvor det å rekruttere unge menneske til kommunen.

Bauta Group har vist at dei er opptatt av framtida, og er villige til å tenke nytt for å bli enda betre. Dei har fokus på FN sine bærekraftmål. Det lovar godt også for framtidas jobbskaping. 

Vi treng fleire slike!

 

Vestnes kommune vil gratulere Bauta Group ved Daniel og Jon Arve Sundet med Næringsprisen for 2022!

Næringsprisen blir markert og utdelt i samband med kommunestyret sitt møte 15 desember.

 

Randi Bergundhaugen

Ordførar