Myra varmebasseng vert stengt

På grunn av funksjonssvikt i ein driftskritisk del av det tekniske anlegget ved Myra varmebasseng vert bassenget stengt i veke 5 og veke 6. (frå 27.januar til og med 9.februar)

Feilen ved anlegget er lokalisert og nye deler er i bestilling. Det er forventa at delene blir levert i starten av veke 6, men på grunn av faren for forseinkingar med levering og komplikasjonar i samband med montering vel vi no å stenge bassenget også heile neste veke. Dersom det viser seg at reperasjonen tek kortare tid enn forventa vil vi kunne opne opp for bruk mot slutten av veke 6.

Vi beklagar dette og seier oss lei for dei ulempene dette medfører for dykk som brukarar av bassenget.