Mellombels stenging og redusert drift ved Eining for tildeling og koordinering (tidlegare Tenestekontoret)I samband med innføring av Helseplattformen og manuell konvertering/overføring av data til nytt system vil Eining for tildeling og koordinering ha stengt i perioden 27.09.23 – 03.11.2023. Vaktfunksjon for pasientmottak frå sjukehus og oppfølging av pasientar/brukarar med endra tenestebehov blir ivaretatt som normalt. Søknadar om kommunale tenester blir behandla så raskt som mogleg. Sist endra 27.09.2023 08.45