Mangfaldsprosjektet – Eit viktig steg for eit rausare fellesskap

Vestnes kommune har gjennomført eit toårig mangfaldsprosjekt med midlar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Målet har vore å styrkje arbeidet for eit inkluderande lokalsamfunn der alle kjenner seg velkomne, uavhengig av kven dei er eller kva liv dei lever. 

– Å oppleve fellesskap er helsefremjande. Det er eit grunnleggjande behov, viktig for trivsel, sosial fungering og personleg utvikling. Tenk på ein gong du sjølv sto litt på utsida og kjende deg liten. Å ikkje vere ein del av felleskapet er noko som set spor, seier prosjektleiar for mangfaldsprosjektet Mari Nalbant Karadash. 

Mangfaldsprosjektet har vore delt i fleire fasar som har munna ut i fleire produkt.

Kunnskap som drivkraft 

– Først måtte vi få eit ordentleg kunnskapsgrunnlag. Difor starta vi med to spørreundersøkingar som kunne gi oss eit betre bilete av korleis innbyggarar og tilsette i Vestnes kommune opplevde mangfald i kvardagen. Når vi veit kvar utfordringane ligg, kan vi også lage tiltak som betyr noko, seier Mari. 

Spørreundersøkingane kartla haldningar til mangfald og erfaringar med inkludering og diskriminering. Funna viser at Vestnes i stor grad er positiv til mangfald, samtidig viser tala at det finst utfordringar: 

  • 13% er negative til eit fleirkulturelt samfunn, blant unge menn er talet er 32%.
  • 22% meiner det skjer noko eller mykje diskriminering i kommunen.
  • Skule og arbeidsliv blir peika på som arenaer der flest opplever diskriminering.
  • Fleire uttrykkjer òg at dei ønskjer å gripe inn når dei ser urett, men er usikre på korleis.

Du kan lese undersøkingane i sin heilskap ved å klikke her.

Funna viser både positive tendensar og utfordringar. Desse danna grunnlaget for det vidare arbeidet i prosjektet.

Filmar som opnar for refleksjon 

Basert på funna i undersøkingane blei det utvikla tre kortfilmar med tilhøyrande refleksjonsoppgåver til bruk i skulen og for innbyggarar. Filmane tek utgangspunkt i situasjonar frå kvardagen og skal gjere det enklare å snakke om haldningar og fellesskap.

Dei tre filmane er:

Alle filmane er synstolka, du finn systolka-versjonar ved å klikke her.

Filmane er produserte av Oclin i samarbeid med Vestnes kommune, og har mellom anna opptak frå ulike stader i kommunen og medverknad frå lokale barn og vaksne. Refleksjonsoppgåvene er utvikla av Høgskulen i Volda. 

– Sjølv om filmane er utvikla til bruk i skulen kan dei òg ha verdi for vaksne og andre. Det er lurt å stoppe opp og tenkje over kva for samfunn ein ønskjer å byggje, seier Mari og legg til at ho håpar at filmane gir rom til å reflektere rundt korleis vi møter kvarandre.

Frå prosjekt til praksis

prosjektleiar for mangfaldsprosjektet, Mari Nalbant Karadash - Klikk for stort bileteProsjektleiar for mangfaldsprosjektet Mari Nalbant Karadash

Prosjektet er no formelt avslutta, men arbeidet held fram. 

– Prosjektet har gitt oss eit sterkt fundament, men det er no det viktigaste arbeidet startar. No må vi ta produkta i bruk og arbeide for å fremje mangfald og eit rausare samfunn, seier Mari.

Ho peikar på at mangfald ofte blir sett på som eit ansvar hos «dei andre», og at ein sjølv berre treng å vere open og tolerant. Mari understrekar at mangfald krev innsats frå kvar enkelt.

Styringsgruppa har godkjent ein handlingsplan som skal fungere som eit arbeidsverktøy innan oppvekst og kultur. I planen er det gjort greie for både eksisterande og planlagde tiltak, og det blir peika på moglegheiter for vidare innsats. 

Undersøkingane, filmane, handlingsplanen og anna materiell er tilgjengeleg for alle som ønskjer å ta det i bruk. Du finn alt samla i knappen under. 

Til materiell