Leiarsamling for å setje retninga for omstilling Vestnes kommune har starta ein viktig omstillingsprosess for å sikre berekraftige tenester til innbyggjarane i åra som kjem. Kommunedirektøren har orientert formannskapet om tiltak på kort og lang sikt, og opplevde støtte for desse. Det har òg vore tett dialog med hovudtillitsvalde for å sikre forankring og medverknad i framgangsmåten.Måndag 8. september vart det gjennomført ei utvida leiarsamling der temaet var omstilling og budsjett. Leiarar frå ulike delar av organisasjonen deltok på samlinga for å etablere ei felles forståing av situasjonen og retninga vidare. Deltakarar frå leiarsamlinga Vestnes kommune Kommunedirektøren understreka at omstillinga ikkje er eit prosjekt for nokre få, men ei felles oppgåve der heile organisasjonen må bidra. Leiarane har derimot eit særleg ansvar for å peike ut retning, vere tydelege og synlege, samt stimulere til nyskaping og utvikling.Det vart lagt vekt på behovet for heilskapleg leiing, der alle nivå i organisasjonen jobbar mot same mål: å levere gode og effektive tenester innanfor dei økonomiske rammene kommunen har.– Vestnes kommune står, som mange andre kommunar, i ei krevjande tid med stramme budsjett. Samtidig finst det stor vilje til å tenkje nytt og finne løysingar saman. Leiarsamlinga markerer starten på ein brei omstillingsprosess som involverer alle nivå i organisasjonen. Det vil bli arbeidd vidare med konkrete tiltak og prioriteringar saman med dei folkevalde for å sikre at kommunen står rusta for framtida, seier kommunedirektør Audhild Mork om leiarsamlinga. Sist endra 11.09.2025 08.39