Kva synes du om helse-, omsorgs- og velferdstenestene i Vestnes kommune?Vestnes kommune er i gang med å lage ny helse- og omsorgsplan. I arbeidet med denne planen vil vi gjerne høyre innbyggarane sine erfaringar og tanker om kommunen sine tenester innan helse, omsorg og velferd. Planen skal vise retning og bidra til å utvikle berekraftige helse-, omsorgs- og velferdstenester i Vestnes i åra framover, samt bidra til å tydeleggjere kva innbyggarane kan forvente av tenestene og kva det forventast at innbyggarane sjølv tek ansvar for. Målet er at helse- og omsorgsplanen skal gje ei felles forståing og eit felles grunnlag for gode prioriteringar og val i åra som kjem. I arbeidet med denne planen vil vi gjerne høyre innbyggarane sine erfaringar og tanker om kommunen sine tenester innan helse, omsorg og velferd. Spørjeundersøking om helse-, omsorgs- og velferdstenesterSvarfrist for undersøkinga er 20. juni. Sist endra 21.05.2025 09.39