Kulturprisen for 2022 frå Vestnes kommune

I sitt møte mandag 21.11.2022, behandla Vestnes formannskap tildeling av kommunen sin kulturpris for 2022. Formannskapet vedtok at årets kulturpris skal gå til Hanne Moldver Salthammer og Trond Salthammer.

Kulturprisen er på kr.10.000 og eit eige kulturprisdiplom.
 

Forslagsstillarar:

Anne Christensen og Mette Mjelve foreslo Trond Salthammer.

Nils Olav Talberg, Harald Johnny Tomren, Margunn Karin Hansen Talberg og Vestnes Skolekorps v/ Geir Stokkeland foreslo Hanne og Trond Salthammer.

Grunngjeving:

Både Hanne og Trond har vist kulturinnsats ut over det vanlege gjennom årelang kulturutøving. Begge har gjennom mange år bidrege til musikk- og kulturlivet i Vestnes kommune på ein særs god måte på kvart sitt felt.

Hanne har vore leiar for Vestnes Musikklag sidan 2008, og spelar i korpset. Ho er også aktiv innan folkemusikken, mellom anna i spelemannslaget Dåm og Drag, der ho har vore leiar sidan 2012. Hanne har eit breitt engasjement for at barn og unge skal ha eit godt tilbod innan musikken.

Trond har vore ei drivkraft og leiar i Vestnes Musikkverkstad sidan oppstarten i 1990, og har deltatt i eit stort antal ulike band. Han har i mange år vore aktiv som komponist og artist med eigne plateutgjevingar og innspelingar. Han har òg lang erfaring som musikalsk leiar for tallause teater- og revyoppsettingar rundt om i kommunen.

Begge to er særs gode eksempel på engasjement og innsats i ulike delar av det frivillige musikk- og kulturarbeidet i Vestnes kommune over lang tid.

 
Vestnes kommune vil gratulere Hanne og Trond Salthammer med årets kulturpris!  

Kulturprisen blir markert og utdelt i samband med kommunestyret sitt møte 15 desember.
 

Randi Bergundhaugen
Ordførar