Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Kulturprisen 2022 frå Vestnes kommune

Kulturprisen 2022 frå Vestnes kommune

Vestnes kommune lyser ut kulturprisen for 2022. Kulturprisen kan gis til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har vist vedvarande og aktiv kulturinnsats utover det alminnelege.

Vestnes sentrum  - Klikk for stort bileteVestnes sentrum Ziggi

Vedtektene for tildeling av Kulturprisen finn du her. (PDF, 39 kB)

Send inn grunngjeve forslag seinast søndag 20. november 2022. Framlegg kan sendast elektronisk til postmottak@vestnes.kommune.no eller send inn skjema: 

Forslag til Kulturprisen 2022

Sjå liste over tidlegare kulturpristildelingar

Avgjerd om pristildelinga vil skje i Vestnes formannskap.