Klipp hekken din - Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde

Klipp hekken din - Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde

God sikt er en føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkøyrsla di. Ei temaanalyse av sykkelulukke viste at dårleg sikt var ein medverkande faktor i over 30 % av dødsulukkene på sykkel.

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkjørsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkjørsle. (jf. Veglova §31 og §43). 

Om eigedomen din ligg inntil eit vegkryss f.eks. i eit regulert bustadfelt, er det også begrensningar for høgde på hekkar og busker inn mot krysset. 

Sjå brosjyra "Rydding av sikt i kryss og avkøyrsler" for meir informasjon. (PDF, 292 kB)

Fann du det du leita etter?