Gjør skulevegen trygg før skulestart - Klipp hekken din!

I desse dagar førebur barna i kommunen seg på eit nytt skuleår. Har du tenkt på at buskene dine kan bli årsak til ei tragisk trafikkulykke? Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde. God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkøyrsla di. 

Ei temaanalyse av sykkelulukke viste at dårleg sikt var ein medverkande faktor i over 30 % av dødsulukkene på sykkel. Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkøyrsle. (jf. Veglova §31 og §43). 

Om eigedomen din ligg inntil eit vegkryss f.eks. i eit regulert bustadfelt, er det også begrensningar for høgde på hekkar og busker inn mot krysset. 

Slik sørger du for fri sikt når avkøyrsla di kryssar gangsykkelveg eller fortau:

Illustrasjons som viser krav til frisikt ved avkjørsel - Klikk for stort bileteIllustrasjon Statens vegvesen


Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. 

Klipp enten hekken din slik at den held seg under 0,5 meter (alternativ 1) eller flytt gjerde og/eller hekk utanfor frisiktsona, merka med rosa farge (alternativ 2). 

Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side. 

Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hellar og syklistane held høg fart.

Slik sørger du for fri sikt når avkøyrsla di munnar ut i vegen:

Illustrasjon som viser korleis ein varetek sikt ved avkjørslar - Klikk for stort bileteIllustrasjon Statens vegvesen


Høgde på hekk og gjerde skal ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona, merka med raud stipla strek. Det må vere 4 meter fri sikt inn i avkjørsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne sjå vegen 45 meter til kvar side dersom fartsgrensa er 50 km/t, og vidare aukar avstandane med farten slik figuren viser. 

Dersom du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg:

Illustrasjon som viser tre over veg eller gangbane - Klikk for stort bileteIllustrasjon Statens vegvesen

Du må ikkje la greiner henge lågare enn 5 meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 3 meter. Eigaren av trea er også ansvarleg for fjerning av greiner som dett ned. 

Når du får denne informasjonen og les oppmodinga vår, så håpar vi at du gjennomfører nødvendig beskjæring slik at alle kan gå, sykle eller køyre trygt forbi din eigedom.

Barn på trehjulsykkel bak ein hekk - Klikk for stort bilete

Takk for at du vil gjere ein innsats for å hindre trafikkulykker i Vestnes kommune. 

Ved spørsmål, ta kontakt med: 

Vestnes kommune, Tekniske tenester, tlf. 71 18 40 00 
eller send e-post til postmottak@vestnes.kommune.no