Kjenner du til den årlege internasjonale Mannsdagen 19.november?

Dagen vert markert fleire stader i Norge, blant anna i Oslo og i Bergen. I Bergen er International men`s health organization, eit uavhengig forskningssenter for menns helse i samarbeid med NORCE, vår hovedsamarbeidspartner innan forskning.

Kvifor er  den internasjonale mannsdagen i dag so viktig?

Gutar og unge menn dominerer statistikken over underprestasjoner og fråfall i skulen, rusmisbruk, vold, lovbrudd, arbeidsløyse, uførleik og sjølvmord.

Fleire arrangøra av mannsdagen har opplyst at formålet er å vere ein kampdag for menns rettar, og at den vert samanlikna med den internasjonale kvinnedagen.

I år er fokus oppvekstvilkår for unge gutar

NYTT: Mannsutvalet er utnemnd av regjeringa (oktober-22), og skal utrede likestillingsutfordringer gutar og menn møter i Norge, og som bidreg til utanforskap og hindrar eit likestilt samfunn.

Det er 30 år sidan sist eit mannsutval vart utnemnd av regjeringa.

Det er behov for ei heilskapleg oversikt over likestillingsutfordringer gutar og menn møter gjennom livslaupet. Temaer som familie, fritid, helse, vold og seksuell trakassering, utdanning og arbeidsliv, pensjonistliv, integrering og skeives levekår er alle viktige områder i lys av normer for maskulinitet og tradisjonelle kjønnsroller. Dei store endringane i mannsrolla som har skjedd dei seinare åra og korleis dette utspeilar seg i delar av befolkninga står sentralt.

Visste du at:

Reform – ressurssenter for menn, er ein politiisk uavhengig stifting som arbeider for at menn skal inkluderast i likestillingsarbeidet, og at likestillingsarbeid skal inkludere menn.

Menn lever kortere enn kvinner, særleg enkelte grupper av menn. Statistikken visar at 74 % av dei som tek livet sitt er menn.

Reform driv hjelpetilbod for menn, dokumenterer og formidler kunnskap om gutar og menns livssituasjon, og er ein synleg aktør i norsk likestillingspolitikk. Stiftinga har som målsetting å oppnå auka merksemd om gutar og menns utfordringar og behov, å promotere aktivt farskap, voldsforebygging, bedre fysisk og psykisk helse, og meir likestilte normer for maskulinitet.

Reform og Prostatakreftforeininga samarbeider om menns seksuelle helse i etterkant av behandling for prostatakreft, og jobber for at screening av prostata skal verte meir tilgjengeleg.

Reform har ca. 25 frivillige telefonvakter tilknytta hjelpetilbodet Mannstelefonen og Mannstelefonen Chat.

Det er naudsynt å sjå nøye på kva det er som gjer mange menns liv så vanskeleg

Mannsutvalet, som er utnevnt av regjeringa, skal utrede gutar og menns likestillingsutfordringer i Norge. Utvalget har 17 medlemmer som skal jobbe saman fram til våren 2024 med å lage ei heilheitleg oversikt og foreslå tiltak.

Mannsutvalget skal levere ei offentleg utredning (2024) med oversikt over kva likestillingsutfordringer menn møter gjennom livet og forslag til løysingar.

Mannsforum-  Norges største medlemsbaserte mannsorganisasjon. Dei arbeidar for at gutar, menn og fedre skal ha ei tydeleg stemme i likestillingsdebatten.

Forumet tilbyr Kamerathjelpen - gratis lavterskeltjeneste og foregår på telefon, e-post eller gruppemøter. Kamerathjelpen er bygd opp med regionale samtalegrupper og har lokale personer som er kursa i denne type arbeid. Gjennom dette frivillige arbeidet har dei sett at det er eit stort behov for å få hjelp og støtte i prosessen med samlivsbrot, økonomi, avtaler og barnefordeling, og ikkje minst møte med det offentlege. Dei hjelper og mange med innvandrerbakgrunn.

Det er eit faktum at det er urovekkjande skilnader på fleire områder som at:

  • Det er langt færre gutar (40 %) enn jenter (60%) som tek høgare utdanning.
  • Fleire gutar enn jenter fell frå på skulen.

Vi skal fortsette å heie fram jentene, men samstundes må vi ta på alvor at fleire og fleire gutar fell utanfor. Det kan vi ikkje akseptere.

Gutar og menn brukar i langt mindre grad helsetilboda som finnast, men dei har like stort behov. Kan det vere at vi treng eit meir tilrettelagt helsetilbod for gutar og menn? Menns helse er underprioritert i Norge, og må settast på dagsordenen. Det er høgare arbeidsløyse blant menn. Gutar er overrepresentert blant unge uføre.

Desse faktafaktorane seier oss at vi må tørre å snakke meir opent om kor problema og utfordringane er.

To av tre som begår sjølvmord er menn. Talla går ikkje ned i Norge. Derfor må vi ha fokus på kva som kan gjerast for å bedre livsvilkåra for ei aukande gruppe menn som fell utanfor samfunnet. Dersom vi skal hjelpe denne gruppa gutar og menn til eit bedre liv nyttar det ikkje at vi legg skulda på at kvinner har fått fleire retta gjennom likestillinga. Ein slik tankegang dannar urett mot ei anna gruppe.

I eit lokalsamfunn er det ulike årsaker til utanforskap.Ulik næringsstruktur og kulturelle betingelser påverkar utfordringsbiletet. Vi må sjå på korleis vi kan betre oppvekstvilkår og skape gode samhandlingsarenaer for å imøtekomme desse utfordringane som er skissert. Dette er og folkehelse, der vi alle må vere med å tenke inkluderande og samlande. Eit samfunn er ikkje tjent med at nokon fell utanfor.

HA EIN GOD MANNSDAG !

SNAKK OM DET SOM ER VANSKELEG

SNAKK MED KVARANDRE