Kartlegg geologien frå helikopter

Frå torsdag 26. september og i cirka 10 dagar framover skal Norges geologiske undersøkelse (NGU) utføre geofysiske målingar frå helikopter i Møre og Romsdal.

Oversikt over området som nå blir undersøkt. - Klikk for stort bileteOversikt over området som nå blir undersøkt.

Arbeidet skjer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, som eit ledd i kartlegginga av mineralressursane i fylket. Arbeidet er ein fortsettelse av tidligare flyvningar i mai og juni, der området nord for Molde blei undersøkt. 

Basen for flyvningane nå i haust er i Vestnes, og området som skal dekkast omfattar deler av kommunene Vestnes og Ålesund. 

Målesonde

I undersøkinga brukar NGU ei elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonden registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jorda sitt magnetfelt. Det bidreg i den generelle geologiske kartlegginga.

Samtidig blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekke moglege cesium-restar etter Tsjernobyl-ulukka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan og gi ein pekepinn på radonnivået i bebygd område.

Målingane blir utført av dei innleide helikopterselskapa Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen og Airlift AS frå Førde, i samarbeid med NGU. Sjølve målingane foregår ved at helikopteret flyg i parallelle linje med ei konstant høyde på 60-75 meter over bakken. Det blir ikkje foretatt målingar i dårleg ver, som tåke, regn, snø eller sterk vind.

Målesonden med helikopteret i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteMålesonden med helikopteret i bakgrunnen. Gudmund Løvø/NGU

Tilgjengelege data

Dataane blir etter kvart ope tilgjengelege for alle i kartdatabasen på NGU sine nettsider.

NGU vil forsøke å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemte verneområde eller naturreservat blir ikkje berørt av flygingane. Dersom målingane er uforeneleg med anna aktivitet, ønskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.

Kontaktpersonar ved NGU

Senioringeniør Tom Kristiansen, telefon: 91810015, e-post: tom.kristiansen@ngu.no  
Sjefingeniør Frode Ofstad, telefon: 90952158, e-post: frode.ofstad@ngu.no